Dag 34 – Tango! Parlament, buksejakt

I dag skulle me spasere rundt, og forhåpentligvis ende opp ved parlamentet. Ein dag for eventyr med andre ord! Martin skulle vise veg og me traska nok ein gong nedover gatene, no i eit meir ukjend område. Me gjekk roleg nedovergatene, men brått såg me noko som ikkje kunne usjåast, ei gal, naken dame som besja på gata mens ho skreik til forskremte forbipasserande. Spennande! Me gjekk litt vidare og stoppa i ein park for å lese litt bok. Me gløymde oss nesten ut i sola og skunda oss for å komme fram til parlamentet før sola var gått ned! Eit av mange storslotte byggverk i Buenos Aires!

Me sat harmoniske på benken og såg mot skyene, då Martin kom på at han kanskje budre hatt ei anna bukse til kveldens tangoshow, en den skitne safaribuksa han hadde brukt absolutt heile turen? Ei storstilt buksejakt byrja, då det bare var eit par timar til me måtte ver klar for henting. Etter ein times leiting sat me igjen på hostellsenga, framles utan høveleg buksetøy. Ingvild ville no gjer seg klar, medan Martin ivra for ny buksejakt ein time før hentebil kjem. Sidan Martin verken har rettningssans/klokke eller lokalt språk, blei Ingvild og med på galskapen. Me sprang mot handlegata, men måtte resignere når me såg at tida ikkje strakk til. Det blei ikkje bukse…

Opplegget me skulle på var treretters middag, kombinert med tangoshow! I tillegg skulle me få eit minikurs i tangosteg før middagen. Me vart henta av minibussen og vart kjørt til staden saman med eit par andre. Me merka snart at me ikkje ville passe spesielt godt inn med tanke på alder og sosial tilhørighet, og det blei ikkje bedre då me stilte opp på tangogolvet. Me slo no foreløbig rekord i å skille oss ut aldersmessig, då dei andre para var rundt 60 år! Jaja, det var morosamt likevel! Etter tre kvarter med klumsete dansing, blei me geleida inn ein flott sal og vart servert vår treretters middag! Martin prøvde å skjule safaribuksa godt han kunne, i det me gjekk forbi våre rike medgjestar. Me sat oss ned og blei servert nydeleg mat. Mmmmm!

Med vin i glaset og desert på asjetten byrja tangoshowet! Det var ein miks av imponerande tangodans, tradisjonell instrumentalmusikk frå tango-orkesteret, og følelselsesladd, hås og gjallande baladesynging! God underhalding! Spesielt kjekt å sjå proffe tangodansarar og høyre på orkesteret spele.

Vel nøgd med kvelden blei me kjørt heim i tolvtida, og me la oss mette av både mat og inntrykk!